SALS- OG LEVERINGSVILKÅR

Eventim står for sal og distribusjon av billettar på denne nettsida på vegner av Teater Vestland.
Sals- og leveringsvilkåra er oppdaterte 01.05.2022 og gjeld alle kjøp frå og med denne datoen.
Sal av produkt frå denne sida blir føretatt av Eventim.no («Eventim»), Akersgaten 7, 0158 Oslo, CVR 995 498 057. Eventim kan kontaktast via e-post til kundeservice@eventim.no og på tlf. 21 95 92 00

Avtalevilkår
Det blir først inngått ein bindande kjøpsavtale mellom Teater Vestland og innehavaren av billetten (du/deg) når Eventim har registrert og mottatt betaling, og du har mottatt ei stadfesting på ordren.

NB: Eventim er kun formidlar av billettar på vegner av arrangøren. Eventim er ikkje arrangør eller promotør av dei arrangementa som vert tilbydd. Arrangementa vert tatt hand om av Teater Vestland. Det betyr at Teater Vestland er din avtalepart. Det er Teater Vestland – og ikkje Eventim – som er ansvarleg for at avtalen vert overhalden. Alle forhold som gjeld etterleving av avtalen må difor avklarast direkte med Teater Vestland. 

Kjøpsavtalen er underlagt norsk lov, med mindre det finst ufråvikelege reglar om forbrukarvern som gjeld i landet du har bustad i.

 

Billettkjøpet

For å gjere eit kjøp må du:

1.Søk og finn billett(ar)
2. Velg leveringsform
3. Godkjenn sals- og leveringsvilkåra
4. Logg inn dersom du allereie er kunde. Viss du ikkje allereie er kunde, kan du enkelt opprette ein brukar
5. Tast inn kundeopplysingar
6. Tast inn eventuell rabattkode/gåvekortkode
7. Velg betalingsform
8. Kontrollér at alle opplysingar er korrekte
9. Godkjenn kjøpet

Ordren vil bli stadfesta på skjermen, og du vil i løpet av få minutt motta kvittering via e-post.

 

Levering
Har du kjøpt ein e-billett, mottar du billetten din på e-post snarast råd etter kjøpet. Om du ikkje har mottatt e-post med billett innan 24 timar etter at kjøpet er gjennomført, kan du sende e-post til post.billett@teatervestland.no.

Har du valt ”mobilbillett” som leveringsmetode, kan du på ordren finne ein QR-kode der du kan hente billettane. I stadfestinga av ordren, som du mottar rett etter kjøpet, er også ein print@home billett vedlagt.

Viss du ikkje lastar ned billettane dine frå denne stadfestinga, eller du ikkje mottar stadfestinga på e-post, kan du alltid logge inn på kontoen din og hente mobilbillettane dine. 

Viss du har valt standard post som leveringsmetode, sender Eventim billettane til deg snarast mogleg, og dei vil vere hos deg 5-7 virkedager etter kjøpet. For billettar som skal sendast til utlandet, må ein forvente ei leveringstid på opptil 14 dagar. Billettane vert sende til deg med alminneleg standardbrev til den adressa du har opplyst ved kjøpet. Er det kort tid til arrangementet, vert brevet sendt med ekspresspost. Eventim sitt strekkodesystem sikrar at den billetten du mottar ikkje kan kopierast eller på annan måte forfalskast. Det er difor ikkje naudsynt å sende brevet rekommandert, og du behøver ikkje å vere heime når billettane kjem med posten.

Merk at leveringstida kan verte noko lengre ved særskilte arrangement.

Betaling
Alle prisar er inklusive moms, skattar og billettgebyr, men eksklusive leveringskostnadar og andre gebyr. Desse kostnadane kjem fram separat som ein del av det samla beløpet under ordreprosessen før betalinga vert gjennomført.

Billettane dine kan betalast med Visa og Mastercard. All kommunikasjon mellom deg og Eventim føregår kryptert.

Ved betaling med Mastercard eller Visa vert betalinga handtert av vår partnar CTS Eventim & Co. KGaA, Contrescarpe 75 A, 28195 Bremen, Tyskland, som er eit søsterselskap til Eventim.

 

Billettgebyr, leverings- og administrasjonskostnadar
Billettgebyret er inkludert i billettprisen. Billettar som skal sendast til Norge vert belasta med NOK 49 per transaksjon. Til utlandet er kostnaden NOK 75 per transaksjon. Kjøper du billett via Eventims kundeservice, må du betale eit ekspedisjonsgebyr på NOK 25, uavhengig av talet på billettar.

Billetten
Billetten, med den trykte strekkoden, er inngangsbeviset ditt til eit konkret arrangement. Billetten er kun gyldig viss strekkoden er aktivert. Det vil seie at billettar som er blitt annullerte pga. mista billett o.l., ikkje er gyldige inngangsbevis. Strekkoden blir akseptert berre éin gong. Billetten kan altså ikkje kopierast eller på annan måte verte forsøkt brukt fleire gonger.

Viss du vert forhindra frå å delta på eit arrangement, kan du gjerne gi billetten videre til nokon andre. Det kan vere enkelte arrangement som krev gyldig legitimasjon med bilde i døra, det vil i så fall komme tydeleg fram på heimesida og på billetten.

Det er ikkje tillate å bruke eller overføre kjøpte billettar til kommersielle formål, blant anna ved:

-Bruk av billettar som premie i konkurransar eller liknande, utan at det er innhenta tillating frå Teater Vestland.

-Utlevering av billettar der utleveringa skjer som betaling for andre ytingar, f.eks. sal av reise, restaurantbesøk, hotellopphald og liknande, utan at det er innhenta tillating frå Teater Vestland.

-Profesjonelt verksemdssal eller anna utlevering av billettar, uansett pris.

Merk spesielt at det ifølgje Svartebørslova er forbode å søke oppnådd forteneste gjennom vidaresal av konsertbillettar. (Lov om forbod mot prispåslag ved vidaresal av billettar til kultur- og idrettsarrangement. (2007-06-29).

Bruk eller utlevering av ein billett ved kommersielt formål vil føre til annullering av billetten. Teater Vestland har rett til å krevje samtlege kostnader forbundne med annulleringa og som følgje av misbruket dekka, minimum NOK 500 per billett.

 

Mista billett
Dersom billetten eller e-billetten vert mista før arrangementet, kan vi skrive ut eller sende ny e-post billett til deg. Send ein e-post til post.billett@teatervestland.no 

Dersom du ikkje mottar billetten din med posten, kan Teater Vestland skrive ut ein ny billett til deg utan kostnader og risiko for deg. Den nye billetten vil ha ein ny strekkode, medan den bortkomne billetten vert annullert og ikkje lenger kan brukast ved inngangen til arrangementet. Etter 30 virkedagar er det ditt eige ansvar om billetten går tapt, og du blir difor nøydd til å betale for ny utskriving av billetten.

Gebyret for å skrive ut ein tapt billett på nytt er NOK 60,- i ekspedisjonsgebyr og ev. frakt. Dette gjeld ikkje e-billettar, som er gratis å få tilsendt på nytt. Når ei ny utskriving er gjennomført, er det ikkje mogleg å angre nyutskrivinga, då dei opphavlege billettane er annullerte.

 

Byte
Teater Vestland byter ikkje billettar, verken til ein annan priskategori eller til ein annan stad eller dato.

 

Avlysing
Eit arrangement er avlyst dersom arrangementet ikkje vert gjennomført. Endringar i programmet, plassering, dels gjennomføring av arrangementet o.l. er dermed ikkje ei avlysing og pengane vert som regel ikkje refunderte.

 

Refundering
Kjøpte billetter vert refunderte berre ved avlysingar. Sjølve refunderinga vert gjort av Eventim på vegner av og etter instruks frå Teater Vestland. Refunderinga vert gjort til det kortet som vart brukt til kjøp av billettane.

Som billettformidlar dekker ikkje Eventim ditt tap som følgje av arrangørens konkurs, avlysing av arrangement eller som følgje av andre eventuelle manglar vedrørande arrangementet. Du godtar hermed å ikkje kunne rette slike krav mot Eventim.

NB! Billettgebyr, andre gebyr, avbestillingsforsikringar og ev. kostnadar til sending betalt i samband med billettkjøpet, vert ikkje refunderte ved avlysingar/endringar.

Det er ingen angrerett for kjøp av billettar på denne nettsida.

 

Ansvar
Eventim tar ikkje på seg noko ansvar ovanfor billettkjøpar, med unntak av det som kjem fram av dei føregåande punkta og ufråvikeleg lovgiving. Eventim kan ikkje i noko tilfelle stå til ansvar for indirekte tap eller følgjeskader, inkludert øydelegging av data.

 

Personopplysingar
Teater Vestland registrerer og nyttar personopplysingar om deg i overeinskomst med vår personvernspolitikk.

 

Reklamasjon og klagemoglegheiter
Ei kvar form for reklamasjon vedrørande sjølve arrangementet, skal rettast direkte til Teater Vestland, då Teater Vestland er din avtalepart. Er det noko du er utilfreds med i samband med kjøp av billettar, kan du sende e-post til post.billett@teatervestland.no 

Europakommisjonens klageportal på nett kan også nyttast dersom du vil sende inn ei klage. Det er spesielt relevant dersom du har bustad i eit anna EU-land. Klagen sender du inn her: http://ec.europa.eu/odr.

Ved sending av ei klage må du opplyse arrangørens e-postadresse.

 

Atterhald
Teater Vestland har rett til å annullere utskrivne billettar mot tilbakebetaling av billettens pris og gebyr. Eventim tar atterhald om feil i opplysingar om prisar og for utselde arrangement.

Teater Vestland kan endre på plasstildeling innanfor same billettkategori, samt flytte til ein annan kategori mot å utbetale deg ein eventuell prisdifferanse.

Teater Vestland er sjølv ansvarleg for billettkjøparens eventuelle direkte tap, der ansvaret er i samsvar med norsk lovgiving. Eventims ansvar er i slike tilfelle avgrensa til det betalte billettgebyret.